Cxense Display

Avhending av statlege fiskerihamner

Fiskerihavna på Røst, som vel å merke ikke står på lista. (Illustrasjonsfoto: Kystverket)

Kystverket skal avhende statlege fiskerihamner med ingen eller liten betydning for fiskerinæringa. Her kjem ei oversikt over kva for fiskerihamner som er klare for sal.

Mange av dei statlege fiskerihamnene er i dag ikkje lenger næringsaktive. Kystverket har dei siste åra hatt i oppdrag å avhende desse hamnene, skriv Kystverket på si eiga heimeside.

Stortinget og Samferdseldepartementet har bestemt at Kystverket skal gi tilbod om fortrinnsrett til moglege kjøparar i følgjande prioriteringsrekkefølgje:

1. Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
2. Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
3. Foreningar med allmennyttige føremål (til takst)
4. Private (på den opne marknaden)

 

Følgjande hamner er i avhendingsprosess:

Namn på fiskerihamn Kommune Fylke Takst Status
Haram Haram Møre og Romsdal   500.000 Annonsert for velforeiningar Frist: 10/7-18
Longva Haram Møre og Romsdal   500.000 Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Rogne Haram Møre og Romsdal   500.000 Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Lausund Haram Møre og Romsdal  450.00 for hovudmolo og 100.000 for molo ved mottaksanlegget Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Hamnevågen Sandøy Møre og Romsdal   400.000 Annonsert for velforeiningar
Frist 10/7
Ramsøy Askøy Hordaland 2.100.000 Er sendt ut på offentleg avklaringsrunde (først statlige institusjonar, så kommunale/fylkeskommunale institusjonar)
Follese Askøy Hordaland   800.000 Er sendt ut på offentleg avklaringsrunde
Skjærbukta * Hammerfest Finnmark 50.000 I prosess med lokale velforeiningar
Jæktvika * Harstad Troms   100.000 I prosess med lokale velforeiningar
Forså * Tysfjord Nordland     50.000 I prosess med lokale velforeiningar
Tjøtta * Alstahaug Nordland 1.300.000 Klar for prosess med lokale velforeiningar
Sørfugløy * Gildeskål Nordland Takst under arbeid Deretter offentleg avklaringsrunde
Orten * Sandøy Møre og Romsdal   300.000 Klar for prosess med lokale velforeiningar
Blindheim * Giske Møre og Romsdal   425.000 Klar for prosess med lokale velforeiningar
Vikebukt * Giske Møre og Romsdal 2.000.000 Klar for prosess med lokale velforeiningar
Storholmvågen* Fræna Møre og Romsdal   900.000 I salsprosess
 

 

Dei ovannemnde fiskerihamnene merka med * er saker som er sendt til Forsvarsbygg, som på oppdrag frå Kystverket står for avhending av desse.

Fleire hamner er snart klare for avhending

Fleire Ikkje-næringsaktive fiskerihamner i Smøla og Herøy kommune i Møre og Romsdal er under taksering, og avhendingsprosessen for desse går vidare etter at takstrapportar er mottekne. Desse blir klare i løpet av sommaren. Fleire takstar og saker er og under arbeid i Kystverkets region Vest og Sørøst.

(Kjelde: Kystverket)

Relaterte artikler