Cxense Display

Elektriske ferjer viktigaste tiltak

MF Ampere går i rute over Sognefjorden. (Foto: Norled)

– Det viktigaste tiltaket for å redusere klimagassutsleppa, er at vi har opna opp for ein marknad med elektriske ferjer, seier Sigurd Enge, fagansvarleg for skipsfart og Arktis i Miljøstiftinga Bellona, skriv BarentsWatch på heimesida si.

Da MF Ampere vart sett i drift i 2015 mellom Lavik og Oppedal langs E39 i Sogn og Fjordane, var ho ikkje berre Noreg si, men også verda si første elektriske bilferje. No har også ferjesambandet Anda – Lote langs E39 i Nordfjord, litt lenger nord i same fylke, blitt elektrisk drive med ei heileelektrisk ferje og ei hybridferje som også kan gå på biodiesel.

Fleire riksvegferjesamband vil få krav om nullutslepp/lågutslepp etter kvart som krava for neste kontraktsperiode blir handsama av regjeringa. I første omgang skal fire samband i 2020 og tre samband i 2021 gå over til elektrisk ferjedrift.

Nokre ferjesamband, som til dømes Bodø-Værøy-Røst-Moskenes, er for lange til at det er praktisk mogleg med heilelektriske ferjer der. Her kan det i staden komme ferjer som er drivne på hydrogen eller biodiesel.

– På grunn av det har vi nå eit utviklingsprosjekt for ei hydrogenelektrisk ferje på sambandet Hjelmeland – Nesvik, seier Edvard Thonstad Sandvik frå Vegdirektoratet.

Dette prosjektet skal etter planen ha ei ferje som er femti prosent driven med hydrogen frå og med 2021.

Aktuelt for fleire fartøy 

Også andre fartøy enn ferjer kan få elektrisk motor, enten det er snakk om heilelektrisk motor, hybridmotor eller ein elektrisk hjelpemotor. Noreg har allereie fått verdas første batteridrivne sjark: Karoline, og verdas første batteridrivne arbeidsbåt for havbruk: Elfrida.

– Heilstraum er foreløpig mest aktuelt for ferjer, sidan dei har faste og avgrensa distansar å gå. Men bruk av batteri for å avlaste forbrenningsmotoren, såkalla hybridisering av skip, kan avgrense behovet for motorkraft på skipet, noko som vil medverke til mindre bruk av drivstoff og difor mindre klimagassutslepp, seier Arnhild Wartiainen, seniorrådgivar i Kyst- og miljøavdelinga hjå Samferdsledepartementet.

Landstraum

Tilbod om landstraum i hamnene gjeld for fartøy som ligg til kai. Da kan dei slå av den konvensjonelle hjelpemotoren som forsyner fartøyet med straum, og i staden få straumen fartøyet treng frå land. Dette gir store lokale miljøgevinstar ved reduserte utslepp av CO2, NOx, SOx og partiklar.

Bergen har mellom anna fått eit landstraumanlegg for Hurtigruta. Enova har også gitt støtte til tilsvarande anlegg i Tromsø, Trondheim og Ålesund.

– Støtte til landstraum er rigga som ein konkurranse med faste søknadsfreistar. I konkurransen rangerer vi prosjekta etter brukspotensialet til anlegget målt opp mot kor mykje støtte det er søkt om. Slik prioriterer vi dei mest kostnadseffektive prosjekta først, så samfunnet får mest bruk av landstraum for pengane, seier Ingrid Aune hjå Enova.

(Kjelde: barentswatch.no)

 

Planer for riksvegferjesambanda:

  1. Moss – Horten (Konsesjon til ferjesamband med diesel til 2026.)
    2. Hjelmeland – Nesvik i løpet av 2021 (med ei heilelektrisk ferje og ei ferje delvis driven på hydrogen)
    3. Lauvik – Oanes (blir avløyst når Ryfast opnar og blir derfor ikkje elektrifisert)
    4. Mortavika – Arsvågen (blir avløyst når Rogfast opnar og blir derfor ikkje elektrifisert)
    5. Halhjem – Sandvikvåg (ikkje regjeringsbehandla)
    6. Mannheller – Fodnes blir elektrifisert i 2020
    7. Hella – Vangsnes – Dragsvik blir elektrifisert i 2020
    8. Lavik – Oppedal (konsesjon går ut 2024, ny regjeringshandsaming rundt 2020)
    9. Anda – Lote er elektrifisert frå 2018
    10. Volda – Folkestad blir elektrifisert i 2020
    11. Solevåg – Festøy blir elektrifisert i 2020
    12. Molde – Vestnes blir i stor grad elektrifisert i 2021 (energikrevjande)
    13. Halsa – Kanestraum (blir regjeringshandsama i 2018)
    14. Bodø – Værøy – Røst – Moskenes (konsesjon går ut 2023, regjeringshandsaming rundt 2019)
    15. Bogenes – Lødingen (konsesjon går ut 2023, regjeringshandsaming rundt 2019)
    16. Bogenes – Skarberget (konsesjon går ut 2022, regjeringshandsaming rundt 2018/2019)
    17. Drag – Kjøpsvik (konsesjon går ut 2022, regjeringshandsaming rundt 2018/2019)

(Kjelde: Vegdirektoratet)

 

Relaterte artikler