Vil konkurrere om Kystruten

Havila Kystruten tek opp kampen med Hurtigruten. (Foto: Havyard Group/Havila Kystruten)

Havila vil køyre hurtigruter. Dei har kome med tilbod på fire skip mellom Bergen og Kirkenes, melder Firda/firda.no.

Det er Samferdselsdepartementet som kjøper sjøtransport på strekninga Bergen–Kirkenes. I dag er det Hurtigruten AS som har avtale om å gjere seglingane på strekninga.

Tre pakkar

Konkurransen er delt i tre pakkar: ein pakke på tre ruter og to på fire ruter. Departementet opnar med andre ord for å ha fleire leverandørar.

God på miljø

Stortinget har bestemt at miljøvennlege skip vil ha ein fordel i konkurransen.

– Det er positivt for oss at miljøomsyn er ein del av utveljinga. Eg registrerer at dagens hurtigrute-selskap har meldt inn ein del båtar som er mellom 25 og 30 år gamle. Vi vil nok skåre høgt på miljøfaktoren, men Hurtigruten har ein finansiell fordel på grunn av eldre, billige skip, seier Havila-reiar Per Sævik til Firda/firda.no.

Avgjerd i vår

Departementet satsar på å inngå kontrakt (er) innan slutten av mars.

(Kjelde: Firda/firda.no)

 

Relaterte artikler