Stord vil utvide hamna

Tomta som Stord kommune har sikret seg, ligg på vestsida av Eldøyane midt på biletet. (Foto: Eldøyane næringspark)

Rådmannen vil auka kommunen sitt låneopptak med 5,7 millionar kroner for å sikre seg ein over fire mål stor hamnetomt på Eldøyane.

Det melder Stord24. Bakgrunnen for salet er at Sunnhordland Naturgass likevel ikkje vil bruke arealet til biogassanlegg. Apply Leirvik sin nedlagte fabrikk på Seglneset i Sagvåg er no den føretrekte staden for eit slikt anlegg.

Kommunen ønskjer å sikre seg meir hamneareal på Eldøyane for å kunne utvikle det til å bli ein større regional hamn, og syner mellom anna til den gunstige plasseringa av hamna.

Rådmannen meiner vidare at slike hamneareal kan bli ein knapp ressurs, og viser til at korkje Bergen eller Haugesund har etablert hamnar med tilsvarande landareal som på Eldøyane.

Rådmannen peiker også på at ei utviding på Eldøyane kan vere med på å avlaste situasjonen på Leirvik.

(Kjelde: Stord24)

Relaterte artikler