Cxense Display

Landets yngste hamnesjef i Aurland

Jostein Lange Bergset

Jostein Lange Bergset er tilsett som ny hamnesjef i Aurland. Han tek over etter John Erik Johnsen som går av med pensjon. Med sine 29 år er han truleg yngst i heile landet i stillinga som hamnesjef.

Noralv Distad, leiar i Aurland Hamnestyre, skriv i ei melding på heimesida: ”Lange Bergset er opphavleg frå Stryn, men arbeider no Flora Hamn og før det arbeidde han i Tromsø Havn. I Flora har han og fungert som hamnesjef. Lange Bergset tek til i stillinga 1. april 2018.”

Starta karrieren i Tromsø

Vi spør den nytilsette hamnesjefen om hans maritime bakgrunn, og han svarer: – Eg har utdanning og erfaring innen akvakultur. Min karriere i hamn starta i Tromsø Havn KF hausten 2010 som tilkallingsvikar som havneinspektør på havnevakta. Dette var på sida av studium i ‘nautikk m/ingeniør’ som eg gjekk på ved Universitetet i Tromsø. Våren 2011 vart eg tilbudt eit årsvikariat ved havnevakta i Tromsø. Dette såg eg som ein unik sjanse og studiene vart satt på vent.

– Våren 2012 vart eg utsatt for ei ulykke som gjorde at eg skrinla vidare studier på grunn av problemer med synet. Eg jobba fast for Tromsø havn KF fram til oktober 2012.

Fartstid til sjøs

– I perioden oktober 2012 – november 2013 jobba eg ombord i diverse farty for å opparbeide meg fartstid. Men då stillinga i Flora Hamn KF vart lyst ut måtte eg søke på den.

Til Flora Hamn KF

– Frå desember 2013 har eg jobba i Flora Hamn KF  som driftsleiar, frå 2015 og fram til februar 2018 har eg i lengre periodar vert konstituert som hamnesjef. For tida er eg konstituert som følge av barselpermisjon, fortel Jostein Lange Bergset til havnemagasinet.no.

 

Relaterte artikler