Cxense Display

Testar metoder for å dekke til miljøgifter

Bergen kommune satsar sterkt på ’PROSJEKT Renere havn’.

Testar av korleis ein best dekker til den forureina botnen i Store Lungegårdsvann i Bergen er i gang. Laus sjøbotn og skråningar gjer det utfordrande.

Det melder NRK Hordaland. – Miljøgiftene kjem frå forskjellige aktivitetar opp gjennom historia, som skipsverft og målingsfabrikkar. Dette har hamna i fjorden, og miljøgiftene spreier seg ut i næringskjeda. Dette vil me gjere noko med, seier Per Vikse i Renere havn Bergen.

Testar ulike metodar

Ved Florida ligg ein gul flåte og lange røyr som vert halde flytande av store blåser. Herfrå vert ei lagvis blanding av skjelsand og kol pumpa ned til botnen.

Kolet skal binde seg til forureininga, slik at den vert mindre tilgjengeleg for dyr.

Målet er å finne kva for ein metode som er den beste for å dekke til miljøgiftene, og det er to måtar som no vert testa.

Vil ta fleire år

Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Miljødirektoratet og Bergen og omegn havnevesen.

I Puddefjorden er tilsvarande arbeid allereie i gong, og etter testinga i Store Lungegårdsvann står Vågen for tur.

(Kjelde: NRK Hordaland)

 

 

 

Relaterte artikler