Cxense Display

Pilot-ferja innstilt 300 gonger i fjor

Mange problemer for MF ’Ampere’. (Foto: Wikipedia)

Etter over to år i drift, er det framleis stadige problem for MF «Ampere». – Det er for dårleg, seier Vegvesenet.

Nullutsleppsferja vart sett i rute over Sognefjorden 1. januar 2015. To år seinare viser det seg at ferja blir innstilt langt oftare enn andre ferjer, ifølgje Bergens Tidende.

– Vi synest strengt tatt det er for dårleg. No er det gått fleire år sidan den kom i drift, og framleis er det problem. Etter så lang tid bør den kunne levere på lik line med andre, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen Anders Sæternes til avisa.

Innstilt 180 gonger til no i år

I 2016 blei 300 avgangar med MF «Ampere» innstilt, viser tal frå Statens vegvesen. Ferja er allereie godt «i rute» for å slå det talet i år. Mellom januar og juni 2017 har ferjesambandet Lavik–Oppedal vore innstilt totalt 200 gonger. MF «Ampere» står for mellom 170 og 180 av desse.

– Så mange innstillingar over lang tid vil medføre økonomiske konsekvensar for Norled. Det burde vore gjort meir for å oppnå betre regularitet enn ferja har i dag, seier Sæternes.

Pilotprosjekt

Ferja er del av eit pilotprosjekt som skulle setje i gang teknologiutviklinga innanfor miljøvenleg sjøtransport.

(Kjelde: Bergens Tidende)

 

Relaterte artikler