Samarbeid om fleire kaikontraktar

To kontraktar går på arbeid for Havn Rørvik IKS i Nord-Trøndelag. Her 3D-illustrasjon av hamneanlegget på Kråkøya. (Illustrasjonsfoto: Holbø Consult)

A. Våge AS i Volda har saman med Ing. L. Nes AS i Ålesund gått inn i avtale om tre nye kaiprosjekt.

Det melder Sunnmørsposten/smp.no. Prosjekta har eit samla areal på godt over 2.000 kvadratmeter, og består mellom anna av utviding av kai for Skipavika Næringspark AS.

To kontraktar går på arbeid for Havn Rørvik IKS i Nord-Trøndelag – store prosjekt med samla størrelse på over 40 millionar kroner, opplyser dagleg leiar Askjell Våge i ei pressemelding.

A. Våge AS i Volda har 60 års fartstid i bygg- og anleggsbransjen, med kai som spesialfelt i dei siste 20 åra.

(Kjelde: Sunnmørsposten/smp.no)

 

Relaterte artikler