Brannsjef innstilt som ny hamnesjef

Hamnestyret i Bergen har onsdag samrøystes innstilt Johnny Breivik som ny hamnesjef i Bergen.

– Breivik er ein leiar med strategisk teft, seier Jan Erik Kjerpeseth, styreleiar for Bergen og omland hamnestell, til eopleread.net.

Trygg på Breivik

Sidan 2011 har Breivik vore brannsjef i Bergen brannvesen.

– Han har gjort ein kjempeviktig jobb i brannvesenet, og vore gjennom mykje av det same som vi skal gjennom. No skal vi skape eit godt miljø og eit godt omdøme. Eg er heilt trygg på at Breivik vil gjere ein god jobb, seier Kjerpeseth.

Tangerås fekk sparken 

I februar bestemte Havnerådet at Inge Tangerås ikkje fekk fortsetje i stillinga som hamnedirektør. Bakgrunnen var at Tangerås vart sikta for korrupsjon i den såkalla cruisedåp-saka.

(Kjelde: peopleread.net)