Nordfjord Service Terminal får medhald

Olden – Nordfjord er ei kjent cruisehamn. (Foto: Nordfjord Havn)

Fjordane tingrett har for andre gong slått fast at Nordfjord Havn IKS må dele nøklane med Nordfjord Service Terminal as.

– Eg er glad for at vi igjen har fått fullt medhald, seier Johan Olav Lefdal som eig Nordfjord Service Terminal as til nrk.no/sognogfjordane.

Vart stengt ute

Tidlegare i år stengde Nordfjord Havn IKS selskapet til Lefdal ute frå frå cruisekaia i Olden, der dei hadde drive i 25 år. Selskapet til Lefdal yter sørvis til cruiseskipa som kjem til Olden. Nordfjord Service Terminal nekta å godta dette, og gjekk til retten der dei i to omgangar har vunne fram gjennom såkalla mellombelse rettsordrar.

– No håpar eg at både styret og andre i Nordfjord Havn IKS tar dette ad notam, og sluttar å sløse vekk pengar og heller samarbeider med næringslivet framfor å dumme seg ut på denne måten, seier Lefdal.

Bygde opp kaianlegget

Far til John Olav Lefdal, Aslak Ledal var den som i si tid bygde cruisekaien i Olden, men selde den til kommunen for 3,5 millionar kroner då han fylde 75 år.

I den mellombelse rettsavgjerda seier retten at Nordfjord Havn IKS må sleppe Nordfjord Service Terminal as til att på kaia og levere tilbake nøklar og kodar.

Og at dei må tole at European Cruise Service as nyttar Nordfjord Service Terminal as som leverandør av tenester til cruiseskipa som kjem til Olden.

(Kjelde: nrk.no/sognogfjordane)

 

Relaterte artikler