Vil byggje skipskanal i Vesterålen

Den ønskede kanalen vil bli 700 meter lang, 30 meter bred og fem meter dyp. (Kartillustrasjon: Norges geologiske undersøkelse (NGU))

Samferdsle er stadig tema for politiske debattar og går gjennom eit utal høyringar og utgreiingar. No vil ein lokal elektrikar hive inn eit nytt prosjekt: ein skipskanal mellom Eidsfjorden i Sortland og Skjerfjorden i Øksnes.

Det skriv NRK Nordland: – I tusener år og fram til før krigen slepte sjøfararar båtane over land for å sleppe å segle ut i Norskehavet. I dag kan me fikse dette utan problem, seier Jim Stian Karlsen som er eldsjela bak gjenopplivinga av ein gamal idé. Han er elektrikar, men er oppvaksen i båt og veit kor viktig den er for lokalsamfunnet hans, Øksnes i Vesterålen.

Facebook-gruppe

Karlsen ynskjer å byggje ein 700 meter land som skil dei to fjordane, og gjer til at skip og båtar må segle utanfor det vêrharde Vesterålen.

– Eg er ikkje fiskar sjølv, men er vaksen opp i miljøet. Me har lenge ynskja oss ein snarveg inn i Eidsfjord og ned til Lofoten, seier Karlsen.

Han danna i fjor haust ei facebook-gruppe kring prosjektet, og har i dag engasjert nær 800 menneske.

– Eg har trua på at dette vil gagne turistnæringa også. Turismen i Nord-Noreg er større enn nokon gong, og dette vil opne for endå ein skjergard turistane kan utforske, seier Karlsen.

Fiskerinæringa positiv

Noregs Fiskarlag med leiar Kjell Ingebrigtsen er positiv. (Foto: Norges Fiskarlag/Jan Erik Indrestrand)

– Det er klart at det får ned transporttida både inn og ut av regionen. Det vil spesielt gagne den aukande førespurnaden etter fersk torsk, seier leiar i Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen.

Stad-tunnelen ga piff

Tunnelen forbi Stad kom med i NTP, og det inspirerer. (Illustrasjon: Kystverket)

På andre sida av landet, i Sogn og Fjordane, har dei også jobba med eit liknande prosjekt. I 1874 byrja dei fyrste å engasjere seg for ein skipstunell forbi Stad. Nær 150 år seinare ligg tunellen i Nasjonal Transportplan.

(Kjelde: NRK Nordland)

 

 

 

Relaterte artikler