Cxense Display

Ønsker fleire mindre tømmerkaier i nord

Sortland hamn er ei stor kommunal hamn. Det er tidlegare søkt Landbruksdirektoratet om tilskot til ei utbygging av tømmerkai utan å bli prioritert. (Foto: kystskogbruket)

”Lange fjordar og kort avstand frå skog til sjø førte til trong for fleire kaier – men gjerne mindre – enn lenger sør.”

Det var konklusjonen i Skogreisinga i SINTEF-rapporten ’Transport av skogsvirke i kyststrøk’ frå 2011. Kystskogbruket bruker denne rapporten i oppfølginga: ”Nord-Norge har etter kvart vist svært gode gode resultat og dei første hogstane er igang. (…). Nyleg gjennomførte skognæringa og skogforvaltninga i regionen besøk til ein del av tømmerkaiane som er i bruk og for å få nærmare vurdert trongen for utbygging,” skriv kystskogbruket.no.

Planlegging og god logistikk

Kystskogbruket her sidan den første meldinga vart vart lagt fram i 2008 fokusert på betre infrastruktur og kutt i transportkostnader. Dette gjeld ikkje minst i dei 3 nordlegaste fylka og særleg i dei reine skogreisingsfylka nord for Saltfjellet.

I dag er det ikkje skogindustri nord for Saltfjellet som kan ta unna for dei aukande hogstmengdene.

Dette fører til at det blir rimeleg lang veg til skogsindustri. God planlegging av skogsdrift i hogstmoden skog og kort bilvegtransport kopla til sjøtransport blir avgjerande for å oppretthalde eit aktivt og lønsamt skogbruk.

Fleire mindre tømmerkaiar

Sintef-rapporten «Transport av skogsvirke i kyststrøk» (2011) konkluderte med at i høve til lenger sør burde det byggast mindre tømmerkaier (men gjerne fleire) i nord. Hovudgrunnen var relativt lange fjordar, kort veg frå skog til sjø og relativt lang veg til industrien. Ei minimalisering av totale transportkostnader gav tydelege resultat i samsvar med denne konklusjonen. Rapporten oppgav også aktuelle stader for tømmerkaiar.

Befaring til nokre av kaiane i Nordland og Troms

Nyleg gjennomførte representantar frå skognæringa og den lokale skogforvaltninga ei befaring til kaiar i Ofoten, Harstad, Kvæfjord, Vesterålen og Lofoten. Målet var å sjå på dei kaiane som har vore i bruk til tømmerutskiping siste åra, og få vurdert trongen for opprusting og eventuell utviding.

(Kjelde: kystskogbruket.no)

Relaterte artikler