Cxense Display

Pressar på for skipstunnel

Kystverket ser for seg byggestart i 2019 og at Stad kkipstunnel kan stå ferdig bygd i 2021/22. (Foto: Kystverket)

Nordfjordrådet pressar på for at Stad skipstunnel må realiserast i fyrste 4-års periode av Nasjonal transportplan (2018- 2021).

Det skriv fjordabladet.no. I ein uttale frå Nordfjordrådet vert det vist til at Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt som vil redusere risikoen for skipsulukker, redusere ventetida for skipsfarten og legge til rette for meir sjøtransport av gods. Med ein skipstunnel gjennom Stad vil ein i tillegg kunne etablere ei samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Det vil opne opp for ein sterkt utvida bu- og arbeidsmarknadsregion og ha positive effektar for næringslivet på heile Vestlandet.

Meir gods frå veg til sjø

Det er mykje nasjonal og internasjonal næringstrafikk rundt Stad mellom annan knytt til fiskeri og havbruk, maritim industri, bergverk og turisme. For næringslivet betyr Stad skipstunnel sikre leveransar og kortare transporttid. Ei tryggare og meir effektiv skipsrute vil også legge til rette for at meir gods enn i dag kan transporterast på sjøen. Stad skipstunnel er eit heilt konkret tiltak for å nå politiske mål om å styrke sjøtransporten si konkurranseevne.

Betra lønsemd

Fiskerinæringa har store verditap på grunn av vanskeleg passering forbi Stad. Ved dårlig vêr ønskjer ikkje fiskebåtar å krysse Stadhavet for å levere, grunna ventetid og redusert kvalitet av fangsten. Det blir då færre aktuelle mottaksstadar og fiskarane får dårlegare prisar. Det same gjeld oppdrettsnæringa. Til dømes har brønnbåtrederiet Rostein i gjennomsnitt tre passeringar forbi Stad kvart døgn med båtar fylt av levande laks. Blir skipa liggande vêrfast, kan kvaliteten på fisken bli dårlegare, og heile resten av verdikjeda blir ramma.

Limer saman kysten

I uttalen frå Nordfjordrådet vert det lagt vekt på at Stad skipstunnel ligg i ein region med stort potensiale for næringsutvikling, men der kommunikasjonane i dag hindrar pendling og utvikling av større bu- og arbeidsmarknader.

Berre med ein skipstunnel gjennom Stad vil ein kunne etablere ei ny samanhengande hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund. Eit slikt hurtigbåttilbod vil «lime saman» kysten, og det blir råd å dagpendle mellom kommunane nord og sør for Stad. Stad skipstunnel opnar opp for ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion frå Ålesund via den maritime klynga på søre Sunnmøre til Måløy, ei av landets viktigaste fiskerihamner.

Turistattraksjon

Planane om verdas første skipstunnel har allereie fått stor internasjonal merksemd. Nordfjordrådet trur at interessa vil auke både i byggeperioden og når tunnelen står ferdig bygd. Kombinasjonen av naturopplevingar og ingeniørkunst, saman med andre spennande reisemål i regionen, vil skape eit reiselivsmål som kan bli både eit regionalt og nasjonalt flaggskip  med merkevarene Visit Norway/Visit Nordfjord.

Skipstunnelen kan stå ferdig i 2021/22

Status for Stad skipstunnel er at kystverket ferdigstilte teknisk forprosjekt i haust, og overleverte reguleringsplan og konsekvensutgreiing (KU) til Selje kommune 12. januar. Kystverket tilrår bygging av Stad skipstunnel. Kystverket skal overlevere eit fullstendig forprosjekt til Samferdsledepartementet i mai 2017. Forprosjektet legg grunnlag for ekstern kvalitetssikring (KS2) og Stortinget si endelege handsaming av saka. Kystverket ser for seg byggestart i 2019 og at Stad Skipstunnel kan stå ferdig bygd i 2021/22.

(Kjelde: fjordabladet.no)

 

Relaterte artikler